Hordaland Teater

 
 
 
            Samarbeidspartnar :
 
            

 
 
 


Meld deg på nyhetsbrev




     

Hordaland Teater
Hordaland Teater er eit teater for heile fylket og mest for barn og unge .

Vi reiser på turne rundt i fylket, men har og eigen teatersal på Stend (i Bergen).


Teatret spelar på nynorsk og dialekt og vi spelar for det meste for barn og unge

Teatret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk.

Teatret har særskilt kompetanse på figurteater som eit av dei få teatra i landet.

Hordaland Teater får tilskot frå Staten og Hordaland fylkeskommune.


Våren 1998 opna kulturbygget på Stend, der Hordaland Teater, Hordamuseet og Vegmuseet fekk eit nytt og moderne bygg som fullt ut er finansiert av midlar frå Hordaland fylkeskommune.
I nybygget er Anne Gullestad-salen plassert. Den har gjeve teateret gode og funksjonelle produksjonslokale.
Salen har 180 plassar i amfi. Det er og ein kafe i bygget som er open i tilknytning til teatret sine framsyningar og Hordamuseet sine opningstider.

Hordaland Teater - Stend Gamle Hovedgård, 5244 Fana - Tlf: 55 22 20 20 (8.00-15:30) - Faks: 55 22 20 30 - post@hordalandteater.no
Digitroll publiseringsløsning