av Ljudmil Nikolov
Regi: Trond Birkedal
Med Ljudmil Nikolov og Tiril Engelstad
”Papir” er ei ordlaus framsyning, men med gjennomgåande klassisk musikk opnar den opp sansar og set i gong fantasien til små born.
Ny turne i Hordaland frå 31. august. (gjennom Den kulturelle skolesekken i Bergen og Hordaland).
I dette nye teaterstykke møter vi forfattaren som leitar etter nye idéar. Ein dag når han opnar vindauget og ser ei jente som spring etter ein fugl, får han mange nye tankar i hovudet. Jenta dukkar opp på skrivebordet til forfattaren og blir ven med fuglen. Men så kjem fuglefangaren. Han vil setje fuglen i bur. Fordi han sjølv ikkje kan fly, vil han nekte andre å gjere det og.
Her er det duka for spenning og den klassiske konflikten mellom det gode og det vonde.
I denne spennande, dramatiske og poetiske framsyninga vil Ljudmil Nikolov og Tiril Engelstad fortelje oss denne historia ved hjelp av papir brukt på utallige måtar med ulike raffinerte teaterteknikkar.
For mange i Hordaland er Ljudmil Nikolov godt kjent. Med sine mange populære kvalitetsframsyningar for dei minste har han reist på kryss og tvers i Hordaland i 20 år.
Flotte kritikkar i Bergensavisene:
Bergens Tidende (Jan Landro) : " Vakkert" - Med stemningsskapende musikk og en svært virkningsfull bruk av både lys og papir, blir "Papir" en vakker forestiling og en visuell opplevelse.
Bergensavisen (Nils Olav Sæverås): "Vakkert og ordløst" : Hordaland Teater på Stend leverer nok en gang teater som er egnet til å virke fantasieggende og skjerpe sansen for undring hos de aller minste. "Papir" er forseggjort teater-magi som gir en "her og nå" -følelse som Disney Channel aldri klarer.
Målgruppe frå 3 år og oppover